I vår kommune finst det fleire å snakka med om bekymringar, tankar, følelsar og trivsel. Med andre ord skal du alltid finna nokon å snakke med om kva som helst, anten det gjeld deg sjølv, ein ven eller nokon i familien. Om du har god kontakt med ein lærar kan han eller ho hjelpe deg direkte eller finna rett teneste til akkurat det du treng. Alle som arbeider med barn og unge i kommunen har teieplikt og må ha ditt samtykke for å involvere andre. Les meir om dei ulike tenestene i vår kommune.
Det skal vera trygt og godt for barn og unge å veksa opp i Sveio kommune. Stundom oppstår likevel utfordringar og vanskar som gjer at ikkje alle har det så bra. Kva gjer du dersom du lurer på om eit barn eller ein ungdom treng hjelp?