-

Uro for barn og unge

Mange av oss, anten me er foreldre, naboar, vener eller kanskje me jobbar med barn og unge, kjem i løpet av livet opp i situasjonar der me ser eller høyrer noko som får oss til å kjenna ei uro for eit barn eller ein ungdom i nærmiljøet.

Kanskje har me registrert slikt som at barnet/ungdomen

  • strir litt med lesinga og skrivinga
  • mistrivst på skulen eller i barnehagen
  • slit med å få vener
  • vegrar seg for å eta
  • gjer seg dårleg forstått
  • har eit spesielt usunt kosthald
  • mobbar eller plagar andre

Eller kanskje me ser og opplever signal frå foreldra som gjer oss urolege for evna deira til å vera foreldre?

Du er første steg mot ei løysing

Signala som gjer oss urolege kan vera høgst ulike, vage, diffuse og vanskelege å tyda.  Då er det lett å kjenna på eiga uvisse: Har eg observert rett? Kan eg risikera å laga «ei sak» ut av ein bagatell? Bør eg dela uroa mi med andre?

Svaret på det siste spørsmålet er eit rungande JA.

Som medmenneske skal me bry oss og ta tak i denne uroa, og dei av oss som er kommunalt tilsette pliktar dessutan å gjera det. Me skal ikkje avventa eller setja vår lit til at andre fangar opp dei same signala som oss. Kanskje er det berre nettopp du som ser barnet/ungdomen!

 

Gode hjelpemiddel

BTI-rettleiaren inneheld både ei oppskrift på korleis me skal gå fram for å avklara om det er grunnlag for uroa me kjenner, samt ei rekke konkrete verktøy. Både framgangsmåten og dei tilhøyrande verktøya er primært tiltenkt bruk i kommunale tenester, men også privatpersonar kan ha nytte av dei. Til dømes kan Observasjonsskjema for barn og unge , Signal på manglande trivsel , Skala for uro: barn og unge og Skala for uro: foreldre hjelpa deg med å setja ord på og definera uroa du opplever.

Dersom det er mistanke om vald eller overgrep skal ein kontakte barneverntenestene direkte.

Mange barn opplever å vera pårørande i løpet av oppveksten. Når noko skjer med foreldre eller søsken, blir heile familien sin kvardag annleis, og ofte meir krevande enn til vanleg. Alle barn og familiar er unike, og det er ikkje alltid lett å vite når eins eigne barn er pårørande. Spørsmåla nedanfor kan vera ein måte å finne ut om barn er i pårøranderolla:
• Kva er relasjonen mellom barnet og den personen som er i ein vanskeleg livssituasjon?
• Kva belastningar er barnet utsett for? Har dei opplevd noko ein trur kan vera vanskeleg å mestre, og har dei vist reaksjonar ein trur kan handle om å vera pårørande?
• Korleis er barnet ramma av det som skjer? Har dei sett eller opplevd noko? Er rutinar og/eller kvardagane endra?

Tenk også over kva ville barnet sjølv svart på desse spørsmåla?

Belastningar som gjer barn til pårørande kan handle om alvorleg fysisk eller psykisk sjukdom i nær familie, dødsfall, rus, samlivsbrot eller anna som kan gjera barndom og oppvekst strevsam, ustabil og utrygg og for barnet.

Sveio kommune har ein eigen barneansvarleg (leiande helsesøster). Kontakt helsestasjonen eller Psykisk helseteneste dersom ein treng hjelp eller meir informasjon om barn som pårørande. Ein kan ta direkte kontakt med fagpersonellet, og målet er å gi rask hjelp til dei som opplever å vera i ei vanskeleg livssituasjon der barnet i familien er pårørande. Ein kan tilby samtalar eller anna for for oppfølging.

Barneansvarleg i Sveio kommune er leiande helsesøster, tlf: 53 74 81 20

Psykisk helsteneste sitt kontor er på Sveio Omsorgssenter
Telefonnr: 53 74 82 22

Psykiatrisk sjukepleiar for barn og unge:
Telefonnr: 53 74 82 21/ 900 93 551

Helsesøster/Foreldrerettleiar:
Telefonnr: 53 74 81 23/906 47 175

Les meir om barn som pårørande på:

https://helsenorge.no/psykisk-helse/barn-og-unges-psykiske-helse/nar-barn-blir-parorende

http://www.parorendesenteret.no/tips-r%c3%a5d/barn-unge

http://veiledningssenter.no/p%C3%A5r%C3%B8rende-informasjon

Saman med lokalt politi har kommunen utarbeidd ein rettleiar som gir kunnskap om korleis ein kan førebyggje, oppdage, møte og følgje opp valdeleg ekstremisme. Den er særleg tiltenkt tilsette i offentlege tenester, private og offentlege arbeidsgjevarar og leiarar i frivillige lag og organisasjonar, men er også relevant for innbyggjarane elles.

Målet med rettleiaren er at den skal fungere som eit oppslagsverk der ein kan finne informasjon om omgrep, handlingsplanar, litteratur, kontaktpersonar og lenkjer til relevante nettstader.