-

Korleis nytte rettleiaren

Rettleiar oversikt

Første side i rettleiaren viser oversikt over modellen. Øvst finn du ei kortfatta forklaring til kvart nivå, under finn du stega. Oversikten er interaktiv slik at du enkelt kan navigere til aktuelt nivå eller steg.

Illustrasjon Rettleiar oversikt

Rettleiaren

Når du skal nytte BTI-rettleiaren for å finne ut om eit barn eller ein ungdom treng hjelp er det naturleg å starte på nivå 0 steg 1. Deretter fylgjer du stega vidare til saka kan avsluttast.

Illustrasjon Rettleiaren

Hovudinnhald

Midt på sida: Her er hovudinnhaldet som beskriv kva du skal gjere på det gjeldande steget.

Illustrasjon Hovudinnhald

Tilhøyrande verktøy

Til høgre på sida: Her finn du eit utval verktøy, det vil seia relevante dokument og skjema for det gjeldande steg. Du finn også ein knapp som fører til alle verktøy som er knytt til rettleiaren.

Illustrasjon Tilhøyrande verktøy