-

Tiltak og tenester for barn og unge i kommunen

Helsestasjons- og jordmortenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen. Tenesta er eit lågterskeltilbod der ein kan ta kontakt ved behov og få råd og rettleiing kring barns vekst og utvikling.

Helsestasjonen samarbeidar med mellom anna fastlege, tannhelsetenesta, fysioterapeut, barnehage/skule, psykisk helseteneste, PPT, politikontakt og barnevern.

Alle som arbeidar på helsestasjonen har teieplikt og ved samhandling må det føreliggje samtykke frå føresette. Sveio helsestasjon held til i kjellaren i kommunehuset.

Opningstid: Ope måndag til fredag kl. 08.00 – 15.30.

Telefon: 53 74 81 20

Fysioterapi har som målsetjing å vedlikehalde det einskilde menneske sitt funksjonsnivå gjennom førebygging, behandling og rehabiliterande tiltak. Kommunal fysioterapi har i første rekke ansvar for fysioterapi for barn, funksjonshemma og eldre brukarar. Arbeidet blir utført der det passar best for brukarane, enten det er heime eller andre stader dei oppheld seg.

Fysio- og rehabiliteringsavdeling: tlf. 53 74 82 17

Mange barn opplever å vera pårørande. Det kan handle om alvorleg fysisk eller psykisk sjukdom i nær familie, dødsfall, rus, samlivsbrot eller anna som kan gjera barndom og oppvekst strevsam, ustabil og utrygg for barnet.

Spørsmåla nedanfor kan vera ein måte å finne ut om barn er i pårøranderolla:
• Kva er relasjonen mellom barnet og den personen som er i ein vanskeleg livssituasjon?
• Kva belastningar er barnet utsett for? Har dei opplevd noko ein trur kan vera vanskeleg å mestre, og har dei vist reaksjonar ein trur kan handle om å vera pårørande?
• Korleis er barnet ramma av det som skjer? Har dei sett eller opplevd noko? Er rutinar og/eller kvardagane endra?

Tenk også over kva barnet sjølv ville svart på desse spørsmåla.

Målet er å gi rask hjelp ved å tilby samtalar eller anna for for oppfølging.

Barneansvarleg i Sveio kommune er leiande helsesøster tlf: 53 74 81 20

 

Logopedtenesta i Sveio kommune er organisert i lag med Ressursteam – førskule og gir hjelp til førskulebarn, skulebarn og til vaksne. Hjelpa kan gis i form av rettleiing til personalet/føresette, som systemretta tiltak eller som direkte hjelp. Logopeden evaluerer tiltaka og tilviser vidare der det er behov for ei meir omfattande utgreiing. Logopeden har samarbeid med barnehage, skule og andre faginstansar og deltek på relevante møte rundt barnet/elven/klienten.
Arbeidet består i kartlegging, utgreiing og iverksetjing av tiltak i høve til ulike former for kommunikasjonsvanskar. Nokre av dei vanlegaste arbeidsområda er:
– språkvanskar hos barn
– språkutvikling hos barn med forskjellige syndrom
– leppe-/ kjeve-/ ganespalte
– uttalevanskar
– stamming og løpsk tale
– afasi (etter hjerneslag)
– stemmevanskar
– ete – /svelgvanskar
– kommunikasjonshjelpemidlar
– cochlea – implanterte
– språkvanskar hos barn og vaksne etter sjukdom/skade

Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar.

Tenesta gjennomfører helseundersøkingar og vaksinar, samt tilbyr samtalar og rettleiing ved ulike behov. Skulehelsetenesta bidrar også med undervisning/helseopplysning i klasse eller gruppe i høve ulike tema.

Skulehelsetenesta har fokus på førebyggjande og helsefremjande arbeid, inkludert å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane. Det er eit lavterskel tilbod, der både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt ved behov.

Tenesta samarbeider med heim, skule og andre instansar som t.d. fastlege, fysioterapeut, psykisk helseteneste, PPT, politikontakt, SLT koordinator og barnevern i høve å identifisere og løyse helsemessige utfordringar knytt til elevane sin situasjon.

Teieplikt:
Helsesjukepleiar har teieplikt, og ved samhandling med andre må det føreliggje samtykke frå føresette og/eller eleven.

Psykiatrisk sjukepleiar har fast kontortid på Sveio barne- og ungdomsskule, elles har ho ved dei andre skulane ved behov.

 

 

Sveio kommune har eit interkommunalt samarbeid med Haugesund kommune om helsestasjon for ungdom. Helsestasjonen held til på Markedet kjøpesenter, i 4. etg.

På helsestasjon for ungdom kan du treffa helsesjukepleiar, lege (kvinnleg/mannleg)og psykolog.

Kva kan ungdomshelsestasjonen hjelpa med?

Rettleiing, rådgjeving og helseopplysing knytt til:

  • samliv og seksualitet
  • seksuelt overførbare infeksjonar
  • klamydia og mykoplasmatesting
  • psykisk helse
  • somatisk/fysisk helse
  • livsstil og helse
  • røyking, snus og rusmidlar
  • vanskeleg livssituasjon
  • ungdom med spesielle behov

Tenesta er gratis!

Alle som bur i Sveio kommune har rett til psykisk helsehjelp når dei treng det. Dette er eit kommunalt lågterskel helsetilbod, det vil seie at ein kan ta direkte kontakt med tenesta – og treng ikkje tilvising frå lege eller andre. Målet er at barn, unge og vaksne som har behov for og ønskjer hjelp og støtte i ein psykisk belastande eller vanskeleg periode i livet, skal få snakke med psykiatrisk sjukepleiar så raskt som muleg. Denne hjelpa kan for eksempel vera aktuell når:
• ein føler angst, bekymring eller triste og tunge tankar
• ein er utsett for mobbing
• ein føler seg aleine om noko – ikkje blir sett eller forstått
• ein vegrar seg for å gå på skulen
• livet i heimen er vanskeleg av ulike årsaker:

– det kan vera at nokon som står ein nær er ramma av alvorleg sjukdom
– sorg ved å miste nokon
– konflikter – sinne – frustrasjon eller urettferdighet
– ein føler seg utrygg
– vold eller overgrep (NB!barnevern og politi skal kontaktast)

Psykisk helseteneste har ein psykiatrisk sjukepleiar som berre jobbar med barn og unge, og har stor del av arbeidet sitt i skulen. Ho har faste dagar på ungdomsskulen, og kan elles avtale tid til samtalar.

Foreldre/pårørande kan sjølv be om samtale dersom det er noko dei ønskjer å ta opp eller å få hjelp til, anten for seg sjølv eller for barna sine. Samarbeidet med foreldra er svært viktig når den psykiske helsa til barnet treng å styrkjast – og foreldre kan i mange høve få god hjelp til sjølvhjelp, både for barnet og seg sjølv.

Psykisk helseteneste samarbeider med andre tenester når foreldra gir samtykke, og det er naudsynt for at barnet skal få god, heilskapleg hjelp. Viser til meir utfyllande informasjon om psykisk helse på Sveio kommune si heimeside. Her er også nokre råd til korleis ein kan gjera barna sine tryggare.

Eining habilitering har ansvar for ulike tiltak og tenester til born og vaksne med utviklingsforstyrrelser.

Vi er i dag oppdelt i tre avdelingar:
Bustad tilbod (Stemhaugen/Straumøy, Åsveien)
Kommunal/privat avlastning
Arbeid/dagtilbod
Fagteam

Tiltak og tenester blir tilpassa den enkelte, enten individuelt eller i grupper. Utanom brukaren sjølv, er pårørande til dei som søkjer tenestene, dei viktigaste samarbeidspartnarane for å finna gode løysingar i kvar enkelt sin livssituasjon.

Tenestetilbod

  • Boligtilbod
  • Avlastning
  • Arbeid/dag tilbod (klikk her for å sjå film frå arbeidstilbodet ved golfbanen)
  • Støttekontakt
  • Varig Tilrettelagde Arbeidsplassar (VTA)
  • Ansvarsgrupper
  • Individuell plan
  • Veiledningstenester/oppfølging i heimen

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er ei sakkunnig instans og kommunal rådgivande teneste. PPT skal hjelpe barn, ungdom og vaksne som strever i utviklinga, eller som har ein vanskelig opplæringssituasjon.

PPT skal gje barnehagar og skular råd og rettleiing for å tilrettelegge for barn og unge som treng det. I tillegg bistå skular for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særskilde behov. PPT bistår også vaksne med behov for grunnskoleopplæring. Opplæringslova krev sakkunnig vurdering knytt til tidleg/utsett skulestart, fritak frå opplæringslova, teiknspråkopplæring m.m.

Gjennom heilskapleg tenking og samarbeid ynskjer PPT å bidra til at brukarane meistar eigne liv. For å nå dette må vi vere løysingsorienterte med fokus på meistring og utvikling i møte med både brukarar og samarbeidspartnarar.

Våre ansvarlege innanfor system barnehage og skule har jamleg kontakt med barnehagar og skular og vil kunna gje tilsette råd og rettleiing når det gjeld det spesialpedagogiske arbeidet. Ta gjerne kontakt med oss direkte om du har spørsmål.

BUP står for barne og ungdomspsykiatri. Dei gjev eit spesialisert tilbod innan psykiatri til barn og unge (opp til 18 år) og deira pårørande.

Dei har tilbod innan utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrring og AD/HD. Vidare innan depresjon, tvangslidingar, alvorlege belastningar/traumer, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar og skulevegring.

Fastlegar, barnevern og PPT kan tilvise til BUP.

For meir informasjon om samhandlingsforløpet for barn og unge med psykiske lidingar trykk her

Barnevernet skal sikra at barn og unge som lever under tilhøve som kan skada deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Tenesta skal også medverka til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Arbeidet til barneverntenesta er regulert av «Lov om barneverntenester» i tillegg til rundskriv og retningslinjer knytt til lova. Barneverntenesta set i verk undersøkingar etter å ha motteke melding om bekymring enten frå offentlege instansar, private eller familien sjølv. Når barn på grunn av forhold i heimen eller av andre grunnar har særlege behov, skal det settast i verk tiltak for barnet og familien. Tiltaket skal alltid ha barnets beste som utgangspunkt. Alle tiltak skal evaluerast med jamne mellomrom. Målet er at barnet skal veksa opp hos dei biologiske foreldra sine utan tiltak frå barneverntenesta.

Barneverntenesta skal driva førebyggande arbeid saman med andre tenester både internt i kommunen og eksternt. Det vert gjennomført jamlege tverrfaglege møter på alle barnehagar- og skular der vl.a. bekymring kring barn kan drøftast anonymt, eller med namn dersom ein har samtykkje. Alle innstansar i kommunen som arbeidar med barn, skal ha eigne rutinar for melding av bekymring til barnevernet. Spør etter dette på din arbeidsplass dersom du er bekymra for eit barn. Du kan og ta kontakt med barneverntenesta for informasjon.

Kontaktinformasjon:
Me held til på kommunehuset. Leiar for barneverntenesta er Guro Thorsheim
Telefon: 53 74 80 00

Vakttelefon
Sveio kommune inngått samarbeid med Tysvær, Vindafjord og Etne kommunar om barnevernvakt. Barnevernvakta er barnevernets akuttberedskap på kveldstid og i helger. Hovudoppgåva er å hjelpa barn og familiar i krise som treng hjelp raskt.
Barnevernvakta er tilgjengeleg kl 15:30-08:00 på kvardagar og heile døgnet i helger og heilagedagar.

Telefonnummeret til vakta er: 901 70 591

Alarmtelefonen for barn og unge
116 111 (gratis)
Open når barnevernet sin vakttelefon er stengt, dvs. vekedagar 14.00 – 08.00 og 24 timar helger og helgedagar.

SLT er ein Samordningsmodell for Lokale, førebyggande Tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som allereie finns hos kommunen og politiet, blir meir samkøyrd og målretta. Modellen skal sørgje for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar, men også foreldre, næringsliv og frivilling lag/organisasjonar.

SLT-koordinator kan kontaktes dersom de lurer på spørsmål som har med rus, kriminalitet, nettmobbing o.l.

Råd og forebygging
Det å vera merksam og å ta nokre førehandsreglar kan ofta vera med på å avdekke eller hindra kriminelle handlingar. Politiet gir deg råd om kva du kan gjera.

Dersom det er noko ein er uroa for når det gjeld barn og ungdom, kan ein kontakte politiet eller politikontakten i Sveio kommune.

 

https://www.bufdir.no/Familie/Kontor/Stord/

Familievernet er en spesialtjeneste som gir tilbud om behandling og rådgivning til alle som opplever vansker, konflikter eller kriser i familien. Familievernet tar imot enkeltpersoner, par og familier.

Familievernkontoret på Stord kan hjelpe med:

  • Kurs og gruppeveiledning
  • Hjelp til parforholdet og familien
  • Veiledning til foreldre
  • Mekling og foreldresamarbeid

Målgruppa for Krisesenteret er kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.

HVOR LITE er ei heimeside om vald i nære relasjonar og gjer informasjon om kor lite du skal finne deg i.

Treng du ein stad å bu i ein akuttsituasjon eller nokon å snakke med, nokon du kan stole på? Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Vi kan blant anna tilby deg:

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine
  • Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Vald, mishandling og overgrep er eit stort samfunnsmessig problem, med alvorlege konsekvensar for dei som blir råka.

Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal være trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.

Kontaktinformasjon:
Krisesenteret kan kontaktast på telefon 53 41 12 12.
Les meir om Krisesenter Vest på http://krisesentervest.no/

Andre nyttige lenker til nettstader kor ein kan finne nokon å snakke med:
https://www.korspahalsen.no/